Senter for Marxistiske og Matematiske Studium, Enschede (SMMSE)

15 august 2007

 

Prosjektskildring: Hjelper valkamp?

Innleiing
Eg har teki del i valkampane til Raud Valallianse sidan 1993, stort sett i Akershus. Etter fleire nedturar har eg byrja lure på om dei valkampane vi driv med har noko effekt på valresultatet, eller om dei vert dominert av generelle stemningsbølgjer mellom veljarane, partileiardebattar og andre ”ytre” faktorar. Ofte har det verka på meg som om same kor hardt vi jobbar i valkampen og kor godt vi utnyttar dei resursane vi har, så har det lite eller ingen innverknad på valresultatet. Det høyrer sjølvsagt med til historia at RV pga. sine småe økonomiske ressursar har hatt mykje av valkampen sin på gata og lite reklamekampanjar.

Eg har overtydd meg sjølv til å ta del i valkampen for RV/Raudt i år òg, denne gongen i Oslo. Samtidig trur eg at dette valet gjev moglegheit for ei analyse av hypotesen om at valkamp av den typen RV driv ikkje hjelper på valresultatet.

Bakgrunn
Valresultatet for RV har vore stabilt i Oslo dei tre siste vala, både det samla resultatet og resultata i dei ulike bydelane. Dette går tydeleg fram av figuren nedanfor, som viser valresultata for stortingsvalet i 2001, bystyrevalet i 2003, val til bydelsutvala i Sagene, Vestre Aker, Stovner og Østensjø i 2003 (forsøksordning med direkteval i utvelte bydelar) og stortingsvalet i 2005. Det mest interessante her er kanskje at variasjonen mellom bydelane er større enn variasjonen mellom vala.

Ved valet i år er det for fyrste gong direkteval til bydelsutvala i alle bydelane, og RV/Raudt stiller liste i alle bydelane med unntak av Ullern. Vi kan difor rekne med at lokalvalkamp i bydelane vil få eit større eller i det minste annleis fokus i utvelte bydelar enn tidlegare val av di ein òg driv valkamp for dei lokale kandidatane. Samtidig kan vi rekne med at RV/Raudt vil satse meir på austkantbydelane enn vestkantbydelane.

Metode
I analysen vil eg freiste sjå valresultatet i år i høve til valresultata frå dei siste åra og sjå etter indikatorar som kan støtte eller svekke hypotesen om at valkampen i liten grad påverkar valresultatet. Ein slik indikator kan til dømes vere at dei prioriterte bydelane har større framgang enn dei nedprioriterte bydelane. Det vil òg sjølvsagt vere interessant å sjå på eventuelle forskjellar på resultatet i val til bystyre og val til bydelsutval.

Diverre er det vanskeleg å vurdere valkampen i år mot tidlegare valkampar. I alle høve seier hypotesen at ein framgang eller tilbakegang for RV skal fordele seg jamt over bydelane. Derimot vil eg freiste å samanhalde subjektive vurderinga av valkampen i dei ulike bydelane med valresultata.

Oppsummering
Eg har ei hypotese om at valkampen som vert ført på gateplan har lite eller ingen innverknad på valresultata i samanlikning med ”ytre faktorar”, og vil freiste nytte valet i Oslo i år til å undersøkje denne hypotesen. Eg vonar sjølvsagt eg tek feil, så no er det berre å ta flygeblada og kome seg ut. Oppsummeringa kan venta i midten av september.

Kommentarar: Legg inn en kommentar



<< Framside

Tidlegare tekstar

Operativsystemrevolusjonen
Perspektiv på fri/open programvare
Om ... misforståingar knytt til datateknologi II
Om misoppfatninga at fri/open programvare er kommu...
Til glede for nye brukarar
Jevons sitt logikkpiano IV – simulatoren
Samarbeid, fridom, openheit
Stegteljar
Straum og logikk – kven var fyrst?
Shannon og logikken II

Arkiv

november 2005   desember 2005   februar 2006   april 2006   november 2006   desember 2006   januar 2007   februar 2007   mars 2007   august 2007   desember 2007   januar 2008   juli 2008  

This page is powered by Blogger. Isn't yours?