Senter for Marxistiske og Matematiske Studium, Enschede (SMMSE)

12 februar 2007

 

Om ... misforståingar knytt til datateknologi II

(I ein serie tekstar vil eg ta for meg ei rekkje misforståingar og feilaktige analyser knytt til datateknologi som eg oppfattar eksisterar på venstresida. Del I omhandla ideen om at fri/open programvare er ein form for kommunisme. Del II som byrjar under tek for seg ideen om at ting er gratis. Av di det er i ferd med å verte ganske langt tek teksten under berre for seg ting som har med internettet å gjere. Del II-B som omhandlar programvare kjem seinare.)

Del II: There is no such thing as a free lunch

Det er ikkje mykje som er gratis her i verda. Nokon gratis ting finst framleis, sånn som eit kyss frå kjærasten, bær du plukkar i skogen og flyttehjelp frå vener, og takk og lov for det. Det meste anna må du diverre betale for.

Men det finst ein del ting som tilsynelatande er gratis, og det finst det ein del misoppfatningar om. Ofte når du et på gresk restaurant vil du etter middagen få eit glas ouzo sjølv om du ikkje har tinga det og som ikkje kjem på rekninga. Gratis ouzo, tenkjer du, det var hyggeleg av restauranteigaren. Men ouzoen er berre tilsynelatande gratis av di betalinga er indirekte. Prisen på ouzoen er bakt inn prisane på dei andre tinga dei sel, og du har betalt for han gjennom det du betalte for salaten og moussakaen du åt. Eit lite glas ouzo kostar truleg ikkje så mykje, så prisen på moussakaen vert ikkje merkbart høgare. Men det at betalinga for noko er låg og/eller indirekte tyder ikkje at du ikkje betalar for det.

I den digitale verda er det mykje som tilsynelatande er gratis utan å vere det. For å lage ei god analyse datateknologi og korleis det påverkar samfunnet er det viktig å vere klar over det, og det er det eg vil gå inn på her. Eg skal ta for meg tre ting: internettet sjølv, såkalla gratistenester på internettet og dataprogram. Fildeling skal eg kome inn på seinare.

II-A Internett

Internettet er nesten magisk, og det er ikkje så vanskeleg å få inntrykk av at det er gratis og egalitært – at alle kan nytte det og gjere kva dei vil der. Grunnen til at det er sånn er at internettet (eller kyberrommet om du likar fancy ord) må skjønast på eit høgt abstraksjonsnivå. Internettet er som ei usynleg og immateriell forlenging av datamaskina di – eit abstrakt rom eller dimensjon som eksisterar parallelt med den materielle røynda. I dette rommet kan du rekkje ut og hente ned informasjon, og du kan opprette kommunikasjonskanalar til andre som har internettet som ei forlenging av datamaskina si. Det er på dette nivået vi må skjøne internettet for å kunne bruke det, og som vi skjønar internettet på når vi brukar det (er på det). (Sagt litt enklare, du opnar nettlesaren din, og der er det.) Dette nivået er internettet si overbygging, og på dette nivået er det lett å tenkje på internettet som noko fritt og opent.

Men internettet har òg ein basis. Denne basisen er fysisk og vert utgjort av datamaskinar og kablar. I ytterkantane sit datamaskina di og datamaskinene til alle andre brukarar av internett og innanfor desse ytterkantane er det rutarar og tenarar (serverar). Alle desse datamaskinane er knytt saman av kablar, anten av kobbar eller fiberoptikk (og i tillegg litt radiokommunikasjon i ytterkantane). På det abstrakte nivået vi nyttar internettet (overbygginga) ser vi lite til denne basisen, og det er òg meininga. Men det tyder sjølvsagt ikkje at basisen ikkje påverkar overbygginga. For å vise korleis basisen påverkar overbygginga skal eg gå litt i detalj om korleis internettet er bygd opp.

(Den følgjande utgreiinga vart litt lang og teknisk. Eg trur det skal vere ganske trygt å hoppe over ho om du ikkje orkar lese det. Difor markerar eg denne biten med ein annan font sånn at du lett kan sjå kvar du bør byrje lese igjen.)

Mellom det fysiske nivået og det abstrakte nivået vi nyttar internettet ligg det som kallest ein protokollstakk. Ein protokoll (i dette tilfellet) er ein standardisert metode for kommunikasjon mellom datamaskinar, og ein protokollstakk tyder at det er fleire lag med protokollar som ligg oppå kvarandre. Kvart lag (protokoll i stakken) representerer ein abstraksjon i høve til det som ligg under, og til saman utgjer desse laga abstraksjonen frå fysiske nettverk opp til det du ser i nettlesaren din. Alle desse laga er med andre ord med på å påverke korleis det ser på toppen.

Det fysiske internettet er bygd opp av mange ulike nettverk som nyttar ulik nettverksteknologi, til dømes Ethernet, ADSL, ATM eller fiberoptikk. Kvar av desse teknologiane har sin eigen kommunikasjonsprotokoll som seier korleis datamaskinar skal kommunisere over akkurat denne typen nettverk. Over alle desse teknologiane og protokollane ligg det som på mange måtar er kjernen i internettet, internettprotokollen (Internet Protocol – IP).

Internettprotokollen gjev ein metode for å kommunisere mellom to datamaskiner kopla til internettet. Kvar maskin har eit unikt tal som fungerar som adresse (såkalla IP-adresse) og kommunikasjonen skjer ved at maskinene sender stykke med data (IP-pakker) til kvarandre. Når ei maskin sender ei datapakke til ei anna maskin vil den som regel gå gjennom fleire andre maskiner og nettverk på vegen. Pakka har med seg adressa til mottakaren og kvar maskin den er innom vil sørgje for å sende ho eit hakk nærmare destinasjonen. Internettprotokollen kjenner til alle dei ulike nettverksteknologiane internettet er bygd opp av og for kvart nettverk pakka går gjennom på vegen sin gjennom internettet vil ho verte pakka inn i den aktuelle nettverksteknologien. Det internettprotokollen gjer er altså å skjule alle dei mellombels maskinene og nettverksteknologiane pakka er innom på vegen sånn at dei to maskinene som kommuniserer med kvarandre ikkje treng ta omsyn til det. Det einaste ein treng å forhalde seg til er internettprotokollen. (Ein vanleg analogi er postverket. Du skriv ei adressa på eit brev og leverer det på postkontoret, og dagen etter ligg det i postkassa til mottakaren. Kvar og kor mange gonger brevet har vorte sortert, om det var vorte sendt med bil, tog eller fly, osb. treng du ikkje å bry deg om, det einaste du treng å forhalde deg til er postkontoret og postkassa.) Det er viktig å merke seg (noko vi òg skal kome tilbake til) at internettprotokollen gjev inga garantiar. Det einaste den gjer er å freiste sende ei IP-pakke nærmare destinasjonen – det er ingen garantiar for at pakka tek den kortaste vegen, at dataa ikkje er vorte korrumpert på vegen eller at ho kjem fram i det heile.

Oppå internettprotokollen finst det eit nytt lag med protokollar (som nyttar og skjuler internettprotokollen, og gjev deg noko meir). Dei vanlegaste er User Datagram Protocol (UDP) og Transmission Control Protocol (TCP). UDP er ein veldig enkel protokoll som ikkje gjer noko serleg meir enn IP sett bort i frå at han sørgjar for at pakkane som kjem fram er heile (ikkje korrumperte), men framleis utan garantiar for at dei kjem fram. TCP derimot er ein protokoll som sørgjer for at alle dataa kjem fram dit dei skal, i tillegg til at han lagar ein abstrakt kanal mellom to datamaskiner som ein kan sende ein straum av data på i staden for pakker. TCP deler straumen opp i passande bitar og sendar dei som IP-pakker. Mottakaren sender svar og seier kva for pakker som har vorte motteki, og om det ikkje kjem noko svar for ei pakke innan ei viss tid vert pakka sendt på nytt. På mottakarsida vert bitane satt saman (i riktig rekkjefølgje) til ein straum igjen etterkvart som pakkene kjem inn. På den måten vert både konseptet "pakke" og upålitelegheita i internettprotokollen skjult for dei som nyttar TCP. TCP gjer òg ein ting til, og det er å freiste hindre at vegen gjennom internettet som kanalen nyttar vert overbelasta. Korleis protokollen finn ut at det er overbelastning er ikkje interessant her, meir interessant er kva han gjer med det: sender data seinare (med lægre pakkerate).

Over UDP og TCP ligg det nok eit lag med protokollar. Til dømes Voice over IP (VoIP) nyttar UDP (av di det er ikkje så farleg om skurrar litt i telefonen), men dei fleste nyttar TCP. For eksempel Hypertext Transfer Protocol (HTTP), File Transfer Protocol (FTP) og Simple Mail Transfer Protocol (SMTP) nyttar TCP for å overføre HTML-sider, filer og e-post mellom to maskiner. Sidan desse protokollane berre ser TCP treng dei ikkje bry seg om at IP ikkje gjev garantiar. Samtidig skjular dei konseptet "straum av data" og opererar med sider, filer, e-post osb. i staden. Protokollane på dette nivået vert så nytta av dataprogram. T.d. Skype nyttar VoIP, ein nettlesar nyttar HTTP og eit e-postprogram nyttar SMTP. På toppen av det heile sit du og nyttar desse dataprogramma på datamaskina di utan å bry deg i det heile om protokollar. Gjennom desse programma vert internettet ei forlenging av datamaskina di, og vi er tilbake der vi starta. (Figuren under freistar illustrere laga).




Frå denne (litt lange) utgreiinga er det tre ting vi skal ta med oss vidare: At internettet i botn er fysiske nettverk, upålitelegheita til internettprotokollen og metoden TCP nyttar for å hindre overbelastning.

Å bruke internettet gjev inntrykk av å vere fritt og gratis – du når heile verda, det er ikkje noko teleskritt og du treng ikkje tenkje på at det er dyrt å kople seg til ein tenar i USA, t.d., sånn ein tenkjer når ein nyttar telefon. Men i botn av internettet ligg det fysiske nettverk – kablar, tenarar og ruterar – og desse nettverka er det noko som eig. Noko av det er offentleg, men brorparten er truleg privat * og du (evt. arbeidsgjevaren din) må betale for å nytte dei. Grunnen til at det verkar fritt er at betalinga for bruk av mesteparten av det er indirekte. Når du har ei internettline heim til deg betalar du gjerne ein månadsavgift til Telenor, Get, Nextgentel eller ein annan leverandør for å få nytte nettverket deira. Men sjølv om du har Telenor som internettleverandør er det ikkje sånn at du berre kan sende e-post til andre Telenorkundar eller berre surfe på Telenornettet. Grunnen til dette er at dei ulike nettverkseigarane har avtalar med kvarandre – dei samarbeidar (du får nytte mitt nett om eg får nytte ditt) og små nettverk kjøper tilgang til store nettverk *. Det det vil seie er at når du betalar til til dømes Telenor betalar du indirekte for å nytte alle dei andre netta som er knytt saman i internettet. Så med andre ord, du betalar direkte for bruk av ein liten del av internettet og indirekte for resten. Men gratis er det ikkje, det berre kjennest sånn av di betalinga er indirekte.

Det opne, frie, anarkistiske, egalitære, kall det kva du vil, inntrykket ein får av internettet er eit resultat av dei tekniske løysingane, eller med andre ord eit resultat av korleis protokollane er laga. På IP-nivået i protokollstakken er alle data like, det finst berre IP-pakker. Mekanismane som sørgjer for at pakkene kjem fram veit ikkje om dei inneheld delar av ein e-post, internettside, telefonsamtale eller noko anna, og gjer ikkje forskjell på dei. Internettprotokollen gjer heller ikkje forskjell på folk, det ingen forskjell på om det er deg, meg eller noko andre som sender eller skal motta pakka. Om nettverket vert overbelasta vil pakker forsvinne, men det er ingen som har forrang og kven sine pakker som vert borte er tilfeldig.

Mykje av trafikken på internettet nyttar TCP. Som eg skreiv over vil TCP freiste hindre overbelastning ved å sende færre pakker, altså nytte mindre av kapasiteten og heller overføre dataa over lengre tid. På den måten har internettet ein slags innebygd folkeskikk – no kom det fleire her, lat oss lage litt plass til nykomarane. Desse enkle og grunnleggande mekanismane gjer at internettet er likt for alle og sikrar ei viss plass for alle. Truleg var bakgrunnen for dette at ein ønskte enkle mekanismar for kommunikasjonen, men resultatet er fint for oss som set likskap høgt. Denne likskapen i basisen gjenspeglar seg i ein likskapstanke i overbygginga.

Men dette kan kome til å endre seg *. Nettverkseigarane er sjølvsagt interessert i tene mest mogleg pengar på nettverka sine, men det er vanskeleg når ein generelt ikkje kan gje garantiar og internettet er likt for alle. Ei løysing for internettilbydarane (ISPane) som Telenor og Get er å setje opp gode proxyar. Det vil seie at dei set opp tenarar nærme kundane sine som anten speilar populære ting på internettet eller har eiga innhald, til dømes filmar til nedlasting mot betaling. Slike tenarar er berre tilgjengleg for kundane deira og kan gje betre tilgang til ting. Såleis kan dei få eit konkuransefortrinn ovanfor andre internettilbydarar ved at dei bryt med prinsippet om at alt er like tilgjengeleg for alle. Men for dei som eig ryggraden i internettet (motorvegane som knyter dei ulike nettverka saman, om du vil) hjelper ikkje dette. Dei ønskjer seg å kunne ta ekstra betalt for ekstra garantiar. Sånn det er no, om du kjøper ei internettline på t.d. ein megabit, er det berre på nettverket til tilbydaren din du er garantert å ha ei bandbreidd på ein megabit, i resten av internettet kjem det heilt an på kva for nettverk du er innom og kva trafikken er for augneblinken. Det eigarane av ryggraden vil er at ein skal kunne reservere bandbreidd gjennom heile internettet om ein er interessert i å betale for det. Ein kan då sjå føre seg ein betalingsmodell alla det ein har for internasjonale telefonsamtalar i dag, altså at ein betalar ein form for teljarskritt når ein nyttar andre nettverk enn det ein er direkte kopla til, og til gjengjeld får ei reservert line med ei gjevi bandbreidd.

Om dei får det til vil det sjølvsagt gå ut over prinsippet om at internettet er likt for alle, og då truleg ramme dei som har mindre pengar å rutte med. Om dei får det til er sjølvsagt eit spørsmål vi ikkje veit svaret på; dette har vore eit tema i minst 10 år no og framleis ikkje fått noko gjennomslag i praksis. Men vi veit faktisk ikkje kva framtida til bringe (eit tema eg skal kome tilbake til seinare), og eg trur det er farleg å ta det for gjevi at internettet vil ha den forma det har no for all framtid (eller tru at det vil ha den forma det hadde tidleg på 90-talet for all framtid, noko ein del folk synest å tru). Spør du meg er dette ei utvikling det er langt meir interessant å følgje med på enn mykje anna snakk om internettet (og grunnen til at eg meiner staten skulle droppe dette vanvittig teite digitale bakkenettet og heller satse på å leggje offentlege kablar i bakken). Det er i det heile på tide at vi innser at internett er eit spørsmål om infrastruktur og kven som skal eige infrastrukturen, og at spørsmål rundt infrastruktur er politiske spørsmål som i høg grad har med samfunnsutviklinga å gjere.

Såkalla gratistenester

Til slutt skal eg seie litt om såkalla gratistenester ein finn på internett. Det er litt på sida, men ein fin studie i indirekte betalingsformar.

Den fyrste grunnen til at dei ikkje er gratis er nettopp at du i utgangspunktet betalar for å bruke internettet, men det er ikkje alt.

Mange av desse tenestene er (delvis) reklamefinansiert, som til dømes Google og Gmail som eg skreiv om i del I. Spørsmålet er, kven betaler for reklamen? Det er sjølvsagt verksemdene som sel produkta det vert reklamert for. Kvar får desse verksemdene pengar til å kjøpe reklame? Frå sal av produkta sine. Så kvar kjem pengane frå? Frå dei som kjøper produktet. Med andre ord: Når du kjøper eit produkt betalar du ikkje berre for produktet, men òg for reklamen for produktet. Om verksemda har reklamert på til dømes Google er du med å betale for søkjetenesta alle kan nytte. Dette er ikkje noko annleis enn andre ting som er reklamefinansiert. Det gjeld like mykje for til dømes reklamefinansierte TV-kanalar og reklamefinansierte aviser.

Men pengar er ikkje den einaste verdien du har å gje frå deg. Informasjon om potensielle kundar er nyttig når ein skal reklamere (sjå over), og det finst ein marknad for slik informasjon. Når du får adressert reklame i posten kan det vere av di til dømes avisa Klassekampen har selt adressa di til nokon som trur at lesarar av Klassekampen er interessert i produktet deira. Når du registrerer deg på og/eller nyttar ei såkalla gratisteneste på internettet legg du igjen informasjon om deg sjølv, til dømes e-postadresse eller søkjeord. Som med bustadadresse og Klassekampenabonnement er dette informasjon som kan nyttast til retta reklame, og difor har verdi. Det er med andre ord mogleg å betale med informasjon i staden for pengar.

Heilt til slutt finst det tenester som delvis kan nyttast fritt og delvis kostar pengar. Eit eksempel på dette er Skype. Om du nyttar Skype til å ringje nokon som òg har Skype på datamaskina si betalar du ingenting, men om du nyttar Skype til å ringje ein vanleg telefon kostar det pengar. Desse pengane er sjølvsagt med å finansiere den delen som kan nyttast fritt. Det vil seie at betalinga for å ringje til telefon er direkte (med teljarskritt), medan betalinga for å ringje mellom to datamaskiner er indirekte gjennom betalingstenesta.

Altså, som mykje anna i verda som tilsynelatande er gratis er dei fleste internettenester eigentleg ikkje gratis. Vi berre får inntrykket av det, sidan betalinga er låg og/eller indirekte.

Neste: Om dataprogram/programvare

Kommentarar:
I will not agree on it. I regard as precise post. Especially the title-deed attracted me to study the unscathed story.
 
Legg inn en kommentar



<< Framside

Tidlegare tekstar

Om misoppfatninga at fri/open programvare er kommu...
Til glede for nye brukarar
Jevons sitt logikkpiano IV – simulatoren
Samarbeid, fridom, openheit
Stegteljar
Straum og logikk – kven var fyrst?
Shannon og logikken II
Senteret har flytta
Shannon og logikken I – ei historie om eittal og n...
Jevons sitt logikkpiano III

Arkiv

november 2005   desember 2005   februar 2006   april 2006   november 2006   desember 2006   januar 2007   februar 2007   mars 2007   august 2007   desember 2007   januar 2008   juli 2008  

This page is powered by Blogger. Isn't yours?