Senter for Marxistiske og Matematiske Studium, Enschede (SMMSE)

18 desember 2006

 

Samarbeid, fridom, openheit

Frå opprettinga av Senteret for om lag eit år sidan har vi hatt eit samarbeid med programvareutviklaren Mass Production - No Warranty Software (MP-NWS). MP-NWS har i ei årrekkje utvikla vitskapleg og politisk programvare, og mellom anna har utviklinga av logikkpianosimulatoren og slutningskalkulatoren vore samarbeidsprosjekt mellom MP-NWS og SMMSE.

Samarbeidet vil no verte vidareført i ei ny form. MP-NWS har taki ei avgjerd om å tilgjengeleggjere kjeldekoden til ei rekkje applikasjonar, og vil gjere dette gjennom SMMSE. I tida framover vil vi derfor presentere applikasjonar frå MP-NWS og samtidig leggje ut kjeldekoden.

I valet mellom eit utal lisensar for open kjeldekode og fri programvare (Senteret anerkjenner ikkje skilnaden, berre for å nemne det) vil koden verte distribuert under øl-varelisensen.

Tidlegare tekstar

Ein quine til
To quines
Brev frå Schickard til Kepler
Rapport: Hjelper valkamp?
Prosjektskildring: Hjelper valkamp?
Operativsystemrevolusjonen
Perspektiv på fri/open programvare
Om ... misforståingar knytt til datateknologi II
Om misoppfatninga at fri/open programvare er kommu...
Til glede for nye brukarar

Arkiv

november 2005   desember 2005   februar 2006   april 2006   november 2006   desember 2006   januar 2007   februar 2007   mars 2007   august 2007   desember 2007   januar 2008   juli 2008  

This page is powered by Blogger. Isn't yours?