Senter for Marxistiske og Matematiske Studium, Enschede (SMMSE)

20 februar 2007

 

Perspektiv på fri/open programvare

Ida Sofie Søland Jackson og Wilhelm Joys Andersen har ein artikkel i siste nummer av Rødt! der dei fremjar synet at fri/open programvare er kommunisme (Digital dugnad – fremtiden er fantastisk. Rødt!, nummer 1, 2007; Fremtiden er fantastisk. Noko lengre utgåve av same artikkel). Dei som las teksten min om fri/open programvare vil ha merka seg at eg er usamd i det. I alle høve trur eg det kan vere bra for venstresida med ein diskusjon rundt fri/open programvare og økonomi. Under har eg samla nokre artiklar som gjev eit litt anna syn på fri/open programvare:

Andrea Bonaccorsi, Cristina Rossi. Alturistic individuals, selfish firms? The structure of motivation in open source software. First Monday, issue 1, volume 9, 2004.

Biella Coleman, Benjamin Mako Hill. How free became open and everything else under the sun. M/C journal, issue 3, volume 7, 2004.

Benjamin Mako Hill. Problems and strategies in financing voluntary free software projects.

David Lancashire. Code, culture and cash: The fading altruism of open source development. First Monday, issue 12, volume 6, 2001.

David McGowan. There's no such thing as free software (And it's a good thing, too. First Monday, Special issue 2, volume 10, 2005.

Bruce Perens. The emerging economic paradigm of open source. First Monday, Special issue 2, volume 10, 2005.

12 februar 2007

 

Om ... misforståingar knytt til datateknologi II

(I ein serie tekstar vil eg ta for meg ei rekkje misforståingar og feilaktige analyser knytt til datateknologi som eg oppfattar eksisterar på venstresida. Del I omhandla ideen om at fri/open programvare er ein form for kommunisme. Del II som byrjar under tek for seg ideen om at ting er gratis. Av di det er i ferd med å verte ganske langt tek teksten under berre for seg ting som har med internettet å gjere. Del II-B som omhandlar programvare kjem seinare.)

Del II: There is no such thing as a free lunch

Det er ikkje mykje som er gratis her i verda. Nokon gratis ting finst framleis, sånn som eit kyss frå kjærasten, bær du plukkar i skogen og flyttehjelp frå vener, og takk og lov for det. Det meste anna må du diverre betale for.

Men det finst ein del ting som tilsynelatande er gratis, og det finst det ein del misoppfatningar om. Ofte når du et på gresk restaurant vil du etter middagen få eit glas ouzo sjølv om du ikkje har tinga det og som ikkje kjem på rekninga. Gratis ouzo, tenkjer du, det var hyggeleg av restauranteigaren. Men ouzoen er berre tilsynelatande gratis av di betalinga er indirekte. Prisen på ouzoen er bakt inn prisane på dei andre tinga dei sel, og du har betalt for han gjennom det du betalte for salaten og moussakaen du åt. Eit lite glas ouzo kostar truleg ikkje så mykje, så prisen på moussakaen vert ikkje merkbart høgare. Men det at betalinga for noko er låg og/eller indirekte tyder ikkje at du ikkje betalar for det.

I den digitale verda er det mykje som tilsynelatande er gratis utan å vere det. For å lage ei god analyse datateknologi og korleis det påverkar samfunnet er det viktig å vere klar over det, og det er det eg vil gå inn på her. Eg skal ta for meg tre ting: internettet sjølv, såkalla gratistenester på internettet og dataprogram. Fildeling skal eg kome inn på seinare.

II-A Internett

Internettet er nesten magisk, og det er ikkje så vanskeleg å få inntrykk av at det er gratis og egalitært – at alle kan nytte det og gjere kva dei vil der. Grunnen til at det er sånn er at internettet (eller kyberrommet om du likar fancy ord) må skjønast på eit høgt abstraksjonsnivå. Internettet er som ei usynleg og immateriell forlenging av datamaskina di – eit abstrakt rom eller dimensjon som eksisterar parallelt med den materielle røynda. I dette rommet kan du rekkje ut og hente ned informasjon, og du kan opprette kommunikasjonskanalar til andre som har internettet som ei forlenging av datamaskina si. Det er på dette nivået vi må skjøne internettet for å kunne bruke det, og som vi skjønar internettet på når vi brukar det (er på det). (Sagt litt enklare, du opnar nettlesaren din, og der er det.) Dette nivået er internettet si overbygging, og på dette nivået er det lett å tenkje på internettet som noko fritt og opent.

Men internettet har òg ein basis. Denne basisen er fysisk og vert utgjort av datamaskinar og kablar. I ytterkantane sit datamaskina di og datamaskinene til alle andre brukarar av internett og innanfor desse ytterkantane er det rutarar og tenarar (serverar). Alle desse datamaskinane er knytt saman av kablar, anten av kobbar eller fiberoptikk (og i tillegg litt radiokommunikasjon i ytterkantane). På det abstrakte nivået vi nyttar internettet (overbygginga) ser vi lite til denne basisen, og det er òg meininga. Men det tyder sjølvsagt ikkje at basisen ikkje påverkar overbygginga. For å vise korleis basisen påverkar overbygginga skal eg gå litt i detalj om korleis internettet er bygd opp.

(Den følgjande utgreiinga vart litt lang og teknisk. Eg trur det skal vere ganske trygt å hoppe over ho om du ikkje orkar lese det. Difor markerar eg denne biten med ein annan font sånn at du lett kan sjå kvar du bør byrje lese igjen.)

Mellom det fysiske nivået og det abstrakte nivået vi nyttar internettet ligg det som kallest ein protokollstakk. Ein protokoll (i dette tilfellet) er ein standardisert metode for kommunikasjon mellom datamaskinar, og ein protokollstakk tyder at det er fleire lag med protokollar som ligg oppå kvarandre. Kvart lag (protokoll i stakken) representerer ein abstraksjon i høve til det som ligg under, og til saman utgjer desse laga abstraksjonen frå fysiske nettverk opp til det du ser i nettlesaren din. Alle desse laga er med andre ord med på å påverke korleis det ser på toppen.

Det fysiske internettet er bygd opp av mange ulike nettverk som nyttar ulik nettverksteknologi, til dømes Ethernet, ADSL, ATM eller fiberoptikk. Kvar av desse teknologiane har sin eigen kommunikasjonsprotokoll som seier korleis datamaskinar skal kommunisere over akkurat denne typen nettverk. Over alle desse teknologiane og protokollane ligg det som på mange måtar er kjernen i internettet, internettprotokollen (Internet Protocol – IP).

Internettprotokollen gjev ein metode for å kommunisere mellom to datamaskiner kopla til internettet. Kvar maskin har eit unikt tal som fungerar som adresse (såkalla IP-adresse) og kommunikasjonen skjer ved at maskinene sender stykke med data (IP-pakker) til kvarandre. Når ei maskin sender ei datapakke til ei anna maskin vil den som regel gå gjennom fleire andre maskiner og nettverk på vegen. Pakka har med seg adressa til mottakaren og kvar maskin den er innom vil sørgje for å sende ho eit hakk nærmare destinasjonen. Internettprotokollen kjenner til alle dei ulike nettverksteknologiane internettet er bygd opp av og for kvart nettverk pakka går gjennom på vegen sin gjennom internettet vil ho verte pakka inn i den aktuelle nettverksteknologien. Det internettprotokollen gjer er altså å skjule alle dei mellombels maskinene og nettverksteknologiane pakka er innom på vegen sånn at dei to maskinene som kommuniserer med kvarandre ikkje treng ta omsyn til det. Det einaste ein treng å forhalde seg til er internettprotokollen. (Ein vanleg analogi er postverket. Du skriv ei adressa på eit brev og leverer det på postkontoret, og dagen etter ligg det i postkassa til mottakaren. Kvar og kor mange gonger brevet har vorte sortert, om det var vorte sendt med bil, tog eller fly, osb. treng du ikkje å bry deg om, det einaste du treng å forhalde deg til er postkontoret og postkassa.) Det er viktig å merke seg (noko vi òg skal kome tilbake til) at internettprotokollen gjev inga garantiar. Det einaste den gjer er å freiste sende ei IP-pakke nærmare destinasjonen – det er ingen garantiar for at pakka tek den kortaste vegen, at dataa ikkje er vorte korrumpert på vegen eller at ho kjem fram i det heile.

Oppå internettprotokollen finst det eit nytt lag med protokollar (som nyttar og skjuler internettprotokollen, og gjev deg noko meir). Dei vanlegaste er User Datagram Protocol (UDP) og Transmission Control Protocol (TCP). UDP er ein veldig enkel protokoll som ikkje gjer noko serleg meir enn IP sett bort i frå at han sørgjar for at pakkane som kjem fram er heile (ikkje korrumperte), men framleis utan garantiar for at dei kjem fram. TCP derimot er ein protokoll som sørgjer for at alle dataa kjem fram dit dei skal, i tillegg til at han lagar ein abstrakt kanal mellom to datamaskiner som ein kan sende ein straum av data på i staden for pakker. TCP deler straumen opp i passande bitar og sendar dei som IP-pakker. Mottakaren sender svar og seier kva for pakker som har vorte motteki, og om det ikkje kjem noko svar for ei pakke innan ei viss tid vert pakka sendt på nytt. På mottakarsida vert bitane satt saman (i riktig rekkjefølgje) til ein straum igjen etterkvart som pakkene kjem inn. På den måten vert både konseptet "pakke" og upålitelegheita i internettprotokollen skjult for dei som nyttar TCP. TCP gjer òg ein ting til, og det er å freiste hindre at vegen gjennom internettet som kanalen nyttar vert overbelasta. Korleis protokollen finn ut at det er overbelastning er ikkje interessant her, meir interessant er kva han gjer med det: sender data seinare (med lægre pakkerate).

Over UDP og TCP ligg det nok eit lag med protokollar. Til dømes Voice over IP (VoIP) nyttar UDP (av di det er ikkje så farleg om skurrar litt i telefonen), men dei fleste nyttar TCP. For eksempel Hypertext Transfer Protocol (HTTP), File Transfer Protocol (FTP) og Simple Mail Transfer Protocol (SMTP) nyttar TCP for å overføre HTML-sider, filer og e-post mellom to maskiner. Sidan desse protokollane berre ser TCP treng dei ikkje bry seg om at IP ikkje gjev garantiar. Samtidig skjular dei konseptet "straum av data" og opererar med sider, filer, e-post osb. i staden. Protokollane på dette nivået vert så nytta av dataprogram. T.d. Skype nyttar VoIP, ein nettlesar nyttar HTTP og eit e-postprogram nyttar SMTP. På toppen av det heile sit du og nyttar desse dataprogramma på datamaskina di utan å bry deg i det heile om protokollar. Gjennom desse programma vert internettet ei forlenging av datamaskina di, og vi er tilbake der vi starta. (Figuren under freistar illustrere laga).




Frå denne (litt lange) utgreiinga er det tre ting vi skal ta med oss vidare: At internettet i botn er fysiske nettverk, upålitelegheita til internettprotokollen og metoden TCP nyttar for å hindre overbelastning.

Å bruke internettet gjev inntrykk av å vere fritt og gratis – du når heile verda, det er ikkje noko teleskritt og du treng ikkje tenkje på at det er dyrt å kople seg til ein tenar i USA, t.d., sånn ein tenkjer når ein nyttar telefon. Men i botn av internettet ligg det fysiske nettverk – kablar, tenarar og ruterar – og desse nettverka er det noko som eig. Noko av det er offentleg, men brorparten er truleg privat * og du (evt. arbeidsgjevaren din) må betale for å nytte dei. Grunnen til at det verkar fritt er at betalinga for bruk av mesteparten av det er indirekte. Når du har ei internettline heim til deg betalar du gjerne ein månadsavgift til Telenor, Get, Nextgentel eller ein annan leverandør for å få nytte nettverket deira. Men sjølv om du har Telenor som internettleverandør er det ikkje sånn at du berre kan sende e-post til andre Telenorkundar eller berre surfe på Telenornettet. Grunnen til dette er at dei ulike nettverkseigarane har avtalar med kvarandre – dei samarbeidar (du får nytte mitt nett om eg får nytte ditt) og små nettverk kjøper tilgang til store nettverk *. Det det vil seie er at når du betalar til til dømes Telenor betalar du indirekte for å nytte alle dei andre netta som er knytt saman i internettet. Så med andre ord, du betalar direkte for bruk av ein liten del av internettet og indirekte for resten. Men gratis er det ikkje, det berre kjennest sånn av di betalinga er indirekte.

Det opne, frie, anarkistiske, egalitære, kall det kva du vil, inntrykket ein får av internettet er eit resultat av dei tekniske løysingane, eller med andre ord eit resultat av korleis protokollane er laga. På IP-nivået i protokollstakken er alle data like, det finst berre IP-pakker. Mekanismane som sørgjer for at pakkene kjem fram veit ikkje om dei inneheld delar av ein e-post, internettside, telefonsamtale eller noko anna, og gjer ikkje forskjell på dei. Internettprotokollen gjer heller ikkje forskjell på folk, det ingen forskjell på om det er deg, meg eller noko andre som sender eller skal motta pakka. Om nettverket vert overbelasta vil pakker forsvinne, men det er ingen som har forrang og kven sine pakker som vert borte er tilfeldig.

Mykje av trafikken på internettet nyttar TCP. Som eg skreiv over vil TCP freiste hindre overbelastning ved å sende færre pakker, altså nytte mindre av kapasiteten og heller overføre dataa over lengre tid. På den måten har internettet ein slags innebygd folkeskikk – no kom det fleire her, lat oss lage litt plass til nykomarane. Desse enkle og grunnleggande mekanismane gjer at internettet er likt for alle og sikrar ei viss plass for alle. Truleg var bakgrunnen for dette at ein ønskte enkle mekanismar for kommunikasjonen, men resultatet er fint for oss som set likskap høgt. Denne likskapen i basisen gjenspeglar seg i ein likskapstanke i overbygginga.

Men dette kan kome til å endre seg *. Nettverkseigarane er sjølvsagt interessert i tene mest mogleg pengar på nettverka sine, men det er vanskeleg når ein generelt ikkje kan gje garantiar og internettet er likt for alle. Ei løysing for internettilbydarane (ISPane) som Telenor og Get er å setje opp gode proxyar. Det vil seie at dei set opp tenarar nærme kundane sine som anten speilar populære ting på internettet eller har eiga innhald, til dømes filmar til nedlasting mot betaling. Slike tenarar er berre tilgjengleg for kundane deira og kan gje betre tilgang til ting. Såleis kan dei få eit konkuransefortrinn ovanfor andre internettilbydarar ved at dei bryt med prinsippet om at alt er like tilgjengeleg for alle. Men for dei som eig ryggraden i internettet (motorvegane som knyter dei ulike nettverka saman, om du vil) hjelper ikkje dette. Dei ønskjer seg å kunne ta ekstra betalt for ekstra garantiar. Sånn det er no, om du kjøper ei internettline på t.d. ein megabit, er det berre på nettverket til tilbydaren din du er garantert å ha ei bandbreidd på ein megabit, i resten av internettet kjem det heilt an på kva for nettverk du er innom og kva trafikken er for augneblinken. Det eigarane av ryggraden vil er at ein skal kunne reservere bandbreidd gjennom heile internettet om ein er interessert i å betale for det. Ein kan då sjå føre seg ein betalingsmodell alla det ein har for internasjonale telefonsamtalar i dag, altså at ein betalar ein form for teljarskritt når ein nyttar andre nettverk enn det ein er direkte kopla til, og til gjengjeld får ei reservert line med ei gjevi bandbreidd.

Om dei får det til vil det sjølvsagt gå ut over prinsippet om at internettet er likt for alle, og då truleg ramme dei som har mindre pengar å rutte med. Om dei får det til er sjølvsagt eit spørsmål vi ikkje veit svaret på; dette har vore eit tema i minst 10 år no og framleis ikkje fått noko gjennomslag i praksis. Men vi veit faktisk ikkje kva framtida til bringe (eit tema eg skal kome tilbake til seinare), og eg trur det er farleg å ta det for gjevi at internettet vil ha den forma det har no for all framtid (eller tru at det vil ha den forma det hadde tidleg på 90-talet for all framtid, noko ein del folk synest å tru). Spør du meg er dette ei utvikling det er langt meir interessant å følgje med på enn mykje anna snakk om internettet (og grunnen til at eg meiner staten skulle droppe dette vanvittig teite digitale bakkenettet og heller satse på å leggje offentlege kablar i bakken). Det er i det heile på tide at vi innser at internett er eit spørsmål om infrastruktur og kven som skal eige infrastrukturen, og at spørsmål rundt infrastruktur er politiske spørsmål som i høg grad har med samfunnsutviklinga å gjere.

Såkalla gratistenester

Til slutt skal eg seie litt om såkalla gratistenester ein finn på internett. Det er litt på sida, men ein fin studie i indirekte betalingsformar.

Den fyrste grunnen til at dei ikkje er gratis er nettopp at du i utgangspunktet betalar for å bruke internettet, men det er ikkje alt.

Mange av desse tenestene er (delvis) reklamefinansiert, som til dømes Google og Gmail som eg skreiv om i del I. Spørsmålet er, kven betaler for reklamen? Det er sjølvsagt verksemdene som sel produkta det vert reklamert for. Kvar får desse verksemdene pengar til å kjøpe reklame? Frå sal av produkta sine. Så kvar kjem pengane frå? Frå dei som kjøper produktet. Med andre ord: Når du kjøper eit produkt betalar du ikkje berre for produktet, men òg for reklamen for produktet. Om verksemda har reklamert på til dømes Google er du med å betale for søkjetenesta alle kan nytte. Dette er ikkje noko annleis enn andre ting som er reklamefinansiert. Det gjeld like mykje for til dømes reklamefinansierte TV-kanalar og reklamefinansierte aviser.

Men pengar er ikkje den einaste verdien du har å gje frå deg. Informasjon om potensielle kundar er nyttig når ein skal reklamere (sjå over), og det finst ein marknad for slik informasjon. Når du får adressert reklame i posten kan det vere av di til dømes avisa Klassekampen har selt adressa di til nokon som trur at lesarar av Klassekampen er interessert i produktet deira. Når du registrerer deg på og/eller nyttar ei såkalla gratisteneste på internettet legg du igjen informasjon om deg sjølv, til dømes e-postadresse eller søkjeord. Som med bustadadresse og Klassekampenabonnement er dette informasjon som kan nyttast til retta reklame, og difor har verdi. Det er med andre ord mogleg å betale med informasjon i staden for pengar.

Heilt til slutt finst det tenester som delvis kan nyttast fritt og delvis kostar pengar. Eit eksempel på dette er Skype. Om du nyttar Skype til å ringje nokon som òg har Skype på datamaskina si betalar du ingenting, men om du nyttar Skype til å ringje ein vanleg telefon kostar det pengar. Desse pengane er sjølvsagt med å finansiere den delen som kan nyttast fritt. Det vil seie at betalinga for å ringje til telefon er direkte (med teljarskritt), medan betalinga for å ringje mellom to datamaskiner er indirekte gjennom betalingstenesta.

Altså, som mykje anna i verda som tilsynelatande er gratis er dei fleste internettenester eigentleg ikkje gratis. Vi berre får inntrykket av det, sidan betalinga er låg og/eller indirekte.

Neste: Om dataprogram/programvare

02 februar 2007

 

Om misoppfatninga at fri/open programvare er kommunisme og andre misforståingar knytt til datateknologi

På venstresida finst det ei rekkje misoppfatningar rundt datateknologi. I ein serie framover vil eg freiste ta dei for meg. Det er ikkje meint som noko angrep på fri/open programvare eller tilliggjande herlegdomar. Eg er motstandar korkje av Linux eller Wikipedia. Men eg er motstandar av desse analysane som tek heilt av, til dømes at fri/open programvare er ein form for kommunisme og at fildeling kjem til å bryte ned kapitalismen. Dette er ei freistnad på å bringe litt edruskap og realisme inn i analysen av datateknologi.

Det eg kjem til å skrive om er ting eg har meint ein stund, og ofte har tenkt at eg skal skrive ned. Det som fekk meg til å byrje var artikkelen "Fremtiden er fantastisk" av Wilhelm Joys Andersen og Ida Sofie Søland Jackson *. Det er ein god og leseverdig artikkel som på ein god måte fortel om fri/open programvare, fildeling og anna, og som oppsummerar mange av syna eg er usamd i.

Her kjem del I, resten kjem seinare.

Del I: Fri/open programvare er ein forretningsmodell (rekk opp handa alle som har endra eit dataprogram)

Fri programvare er eit omgrep som omfattar ganske mykje forskjellig. For å gjere ting litt greiare vil eg skilje mellom fri programvare og open programvare. (Det finst eit stort omgrepsapparat for å skilje mellom ulike nyansar, til dømes tyder "freeware" og "free software" ikkje det same. Dette er noko eg aldri har brydd meg serleg om å setje meg inn i; hovudskilje går mellom "fri" og "open". Men for dei som tykkjer dette er viktig nyttar eg omgrepet "fri programvare" meir i tydinga "freeware" enn "free software" og det påståtte skiljet mellom "free software" og "open source software" gjev eg blanke i.) Fri programvare er dataprogram som på ein eller anna måte og av ein eller anna grunn er fritt tilgjengeleg, altså dataprogram du på lovleg vis kan få tak i utan å betale for det. Dette er i kontrast til dataprogram du må betale for. Open programvare er dataprogram der koden til programmet er fritt tilgjengeleg. Sjølvsagt er all open programvare også fri programvare, men det motsette er ikkje tilfelle.

Fri programvare

Det finst masse programvare som er fri utan at koden er tilgjengeleg for alle og einkvar. Eit kanskje kuriøst døme er "Home of the Underdogs" *, ei internettside der ein kan laste ned mengder av gamle dataspel. Desse dataspela er frie av di dei som eig retten til dei ikkje bryr seg om å selje dei lenger. Meir interessant er det at fri programvare ofte inngår i ein forretningsmodell der inntektene kjem frå andre (og kanskje meir indirekte) kjelder. Eg skal freiste gje nokre døme.

1. Microsoft, har sal av programvarelisensar som forretningsmodell. Likevel gjev dei ut nokre program fritt, til dømes Microsoft Media Player og Messenger, som du òg kan få til Mac. Grunnen til dette er truleg merkjevarebygging og kapring av kundar frå andre tilbydarar av fri programvare.

2. Eit fritt tilgjengeleg program mange av oss nyttar dagleg er Adobe Reader, PDF-lesaren til Adobe. Adobe Reader er fritt for å fremje PDF, som er Abobe sitt format. Ved at PDF er vorte ein de facto standard for distribusjon og lagring av dokument kan Adobe selje andre dataprogram knytt til PDF, til dømes Adobe Distiller som konverterar andre filformat til PDF. Det at PDF er eit ope format og at det finst andre program som gjer det same endrar ikkje saka. Adobe Reader fungerar som reklame for Adobe Distiller og Adobe sit i alle høve nærmast formatet og vil difor ha eit fortrinn over konkurantane.

3. Frå Apple kan du få fritt få musikkspeleprogrammet iTunes til både Mac og Windows, truleg for å fremje filformatet AAC, musikksal gjennom iTunes Store og Apple sin eigen lommemusikkspelar iPod.

4. Google (som dessutan eig Blogger og YouTube) har ein del tenester fritt tilgjengeleg, til dømes internettsøk og e-posttenesta Gmail, men òg nokre program ein kan laste ned, til dømes ein verktymeny for nettlesarar for internettsøking og eit program for søking på di eiga datamaskin. Kva tener Google pengar på når alt dei tilbyr til brukarane sine er fritt tilgjengeleg? I hovudsak to ting. Dei tener pengar på retta reklame. Når du nyttar tenester frå Google betalar du ikkje med pengar, men du betalar med informasjon om deg sjølv, til dømes kva for ord du søkjer på og kva du skriv i e-posten din. Denne informasjonen nyttar Google til å gje deg reklame for ting dei trur du er interessert i. Til dømes kan du leggje merke til dei sponsa lekkjene når du søkjar med Google; det er reklame nokon har betalt for at skal vere der. Den andre tingen dei tener pengar på er lisensar på søkjeprogrammet sitt. På start.no * til dømes vil du sjå at søkjefunksjonen er "Levert av Google". Firma kan nytte Google til søk på eigne internettsider, men det må dei betale for. Den fritt tilgjengelege søkjesida som alle kjenner til fungerar som reklame for dei som treng ein søkjefunksjon på eiga internettside. I tillegg vil alle søka som vert gjort på den fritt tilgjengelege søkjesida hjelpe Google å lage betre søkjeteknologi.

5. Det har vorte hevda at ein hovudgrunn til at det norske programmeringsspråket Simula aldri fekk noko stort gjennombrot var at kompilatoren kosta alt for mykje. Nesten ingen universitet kunne ta seg råd til det, difor vart det nesten ingen stadar nytta i undervisninga av kommande programvareutviklarar, osb. Dette var ein feil Sun Microsystems ikkje gjorde. Då dei lanserte programmeringsspråket Java in 1996 vart alt du trengte for lage og kjøre javaprogram på Windows, Mac og Solaris fritt tilgjengeleg. Det at Java i dag er eit av dei mest brukte og underviste programmeringsspråka er sjølvsagt god reklame for Sun. I tillegg lisensierte dei ut (dvs. selde) kjeldekoden til Java til ei rekkje andre programvareprodusentar. * Sun har no opna kjeldekoden til Java, noko vi skal sjå på lengre nede.

Som vi kan sjå er det fullt mogleg å gje ut programvare fritt og likevel tene pengar. Eller med andre ord, fri programvare kan fint gå inn i ein forretningsmodell.

Dugnad

Ting vert meir interessant når vi går over til open programvare, altså dataprogram der koden er fritt tilgjengeleg for den som vil. Ein skal ikkje underslå at ein del av dette er laga av folk med idealistiske motiv og stor dugnadsånd, og som usjølvisk ønskjer å dele arbeidet sitt med andre. Dette er eg umåteleg glad for. Eg tør ikkje tenkje på korleis kvardagen min hadde sett ut utan cygwin, emacs, LaTex, dvips og GSView, kanskje dei viktigaste programma på datamaskina mi.

Vi må anerkjenne at det blant folk finst ei enorm dugnadsånd, samarbeidsvilje, skaparkraft, og glede over å dele med andre. Vidare at nokon gonger er resultatet av dette like bra som kommersielle produkt. Om det er noko som gjev meg tru på menneskeheita, så er det dette. Dugnad er ikkje noko nytt, nytt i denne samanhengen er at dei som tek del i dugnaden ikkje fysisk og geografisk er på same stad, at dei er organisert i lause organisasjonar, at det er mange som jobbar saman, og at det er mange som nyt godt av arbeidet dei gjer, ofte veldig mange fleir enn dei som tek del i dugnaden.

Kanskje kan ein seie at dugnad er ein kommunistisk arbeidsform; alle bidreg med det dei kan for at alle skal kunne nyte godt av det. Kanskje er det nett dette dugnadsarbeidet – som visar at folk er villige til å gjere ting for fellesskapet, skape samfunn, og lage ting som funkar utan økonomisk vinning som motivasjon – som gjer at vi kan tru på at kommunisme er mogleg. Dette utfordrar kanskje kapitalismen og liberalismen ideologisk, men det utfordrar ikkje kapitalismen som økonomisk system. Dugnadsarbeid og andre typar arbeid som ikkje er ein del av den kapitalistiske produksjonen har funnest parallelt og i sameksistens med kapitalistisk produksjon heile vegen. Det området av Oslo eg bur vart i stor grad bygd ut på dugnad på 1950-talet. Til dømes la dei vass- og kloakkleidningar på dugnad. I stor grad var det nok kommunistar som organiserte dette, og det gjorde at arbeidsfolk fekk stader å bu. Det var bra arbeid i kommunistisk sinnelag, men at arbeidarane fekk betre butilhøve truga ikkje den kapitalistisk produksjonen. Eit anna døme på arbeid som var og (delvis) er utanfor den kapitalistiske produksjonen er omsorgsarbeid, som har vore organisert i heimane til folk og av staten. At det frivillige omsorgsarbeidet skal ha truga kapitalismen bryt med alt vi har av analyse av det kapitalistiske samfunnet.

Så dugnad, òg i form av open programvare, finst og er bra. Det er det ikkje noko tvil om. At det har truga kapitalismen på nokon annan måte enn ideologisk meiner eg òg det er lite tvil om.

Ein kan alltids seie at dei formane for utanom-kapitalistisk arbeid/produksjon som finst stoggar kapitalismens utbreiing til nye område og difor stoggar kapitalen sin evige og naudsynte ekspansjon og vekst. Kampen for å halde helsevesenet i Noreg offentleg er til dømes ein freistnad på å stogge kapitalismen utbreiing til eit nytt område, sjølv om eg trur det er ein kamp vi delvis kjem til å tape. Heller enn å seie at utbreiinga av kapitalismen vert stogga trur eg vi må innsjå at kapitalen har ei utruleg god evne til å ekspandere. Husværet mitt i dugnadsforstaden vart kjøpt på den opne marknaden.

Open programvare

Om vi går frå dugnad generelt og ser på utviklinga innan open programvare ser vi at open programvare, som fri programvare, no har vorte ein forretningsmodell.

I gode gamle dagar vart dataprogram laga av einskildpersonar. (Dette er sjølvsagt berre delvis sant, men sant nok til at argumentet mitt held.) Dokumentklargjeringsprogrammet LaTex om har stor utbreiing sjølv om det byrjar verte gamaldags vart laga av Donald Knuth (Tex og METAFONT), Leslie Lamport (LaTex-makroane) og Oren Patashnik (BibTex). Andre har sjølvsagt bidregi med å finne feil, tilpassa programmet til nye operativsystem, laga tilleggspakkar, vedlikeheldt koden osb., men det endrar ikkje det at storleiken på programmet ikkje er større enn at det har vore handterbart for tre personar. Viktige nyvinningar som operativ systemet UNIX, programmeringsspråket C og kommunikasjonsprotokollen TCP/IP vart utvikla av relativt små forskingsgrupper.

Sidan då har utviklinga maskinvare og utbreiing av datateknologi mogleggjort og satt krav til ein enorm utvikling innan programvare. Datasystema vi har vorte vane med i dag har ein storleik og kompleksitet som er vanvittig mykje enn det dei hadde for berre ein par tiår sidan. Å lage eit fullverdig operativsystem etter standarden i dag krev tusenvis av årsverk og dei største dataspela samanliknast no med Hollywood-produksjonar. Sjølvsagt går det framleis an å lage små nyttige programsnuttar, men "ordentleg" programvareutvikling er ikkje lengre mogleg med ein handfull personar. Til det trengst det store ressursar og organisasjon.

I denne situasjonen har ikkje verdas hobbyprogrammerarar det same å stille med som dei store programvareprodusentane. Og det er heller ikkje folk som sit på fritida og programmerar som driv utviklinga i dei store opne utviklingsprosjekta. Det er det kapitalistiske verksemder som gjer. Om dei ønskjer å dominere eit prosjekt får dei det til. For meg er det store spørsmålet ikkje om, men kvifor og korleis, dei gjer det.

Vi har allereie sett at det er mogleg å tene pengar på fri programvare, og vegen er kanskje ikkje så lang til open programvare. Eg skal nedanfor vise nokre måtar open programvare kan inngå i ein forretningsmodell.

1. Sal av tilleggstenester er det mest openberre, og noko mange mindre firma lever av. Sjølv om programvaren er open og fritt tilgjengeleg tyder ikkje det at alle kan eller er interessert i å gjere alt sjølv. Firmaet Linpro * til dømes sel deg tilpassa løysingar basert på open programvare. Mao. betalar du ikkje for å nytte Linux, som er open programvare, men for at Linpro skal setje det opp, tilpasse det og drifte det for deg. Eit anna døme er Ubuntu *. Dei tilbyr fritt sin eigen Linuxvariant, og sel profesjonelle støttetenester (support). Dette kan kanskje sjåast som ein måte nokre idealistar kan tene litt pengar, men det er heller ikkje den dominerande delen av kommersiell open programvare.

2. Uavhengigheit frå andre verksemder er nok ein viktig faktor når til dømes verksemder som IBM * eller Google * kastar seg over Linux andre store open programvare-prosjekt. Det er viktig å hugse at det er konkurranse mellom kapitalistiske verksemder, og det er mange som kan sjå seg tente med å vere uavhengige av Microsoft.

3. Gratis arbeidskraft. Det er openbert at å få nokon til å jobbe for deg utan at dei står på lønningslista er lukrativt. Nokre verksemder gjer dette til ein medviten strategi, dei opnar kjeldekoden sin og bygg opp "communities" rundt produkta sine, og på den måten får dei folk til å jobbe gratis for seg. Til dømes er dette er ein uttalt motivasjon når Sun Microsystems no er i gang med å opne koden til programeringsspråket Java *. Eit liknande eksempel er utviklingsmiljøet Eclipse * som opphavleg vart laga av IBM og som no vert vidareutvikla i ein "community". Sjølv om koden til Java og Eclipse er open og tilgjengeleg, også for konkurrentar, er det klart at dei har den høgste kompetansen på koden, i desse tilfella Sun og IBM, framleis er med å styre showet og kan tene på det.

4. Tilgang til forsking. Med det som krevst av systemutvikling i dag for å få fram produkt som kan konkurrere vert det vanskelegare og vanskelegare for forskarar å få fram produkt frå ideane sine. Ei løysing for mange er å lage prototypar, la koden vere open, og håpe at nokon plukkar han opp. Det er ikkje noko du vert rik av, men kanskje du vinn litt heider og ære, noko som kan vere viktig nok for ein forskar. Ved å samarbeide med forskarar i open programvare-prosjekt kan kommersielle verksemder få lett tilgang til forsking og utvikling (utan å måtte betale noko serleg for det). Eit godt eksempel på dette er Eclipse. Eclipse er eit rammeverk og utviklingsmiljø for å lage dataprogram. Sidan det er fritt og opent er det lett for forskarar å nytte det til å implementere ideane sine. (Det er "plugable", som tyder at ein kan lage utvidingar og samtidig få ganske mykje gratis ved å bruke funksjonalitet som finst der frå før). Samtidig er dei med å byggje opp IBM sitt produkt. Båe partar gjev litt og båe partar får litt.

5. Marknadsdominans er sjølvsagt den viktigaste grunnen for kapitalistiske verksemder for å velje open programvare som forretningsmodell. Ved å gjere produkt fritt tilgjengeleg og opne vert det lettare å få stor utbreiing av dei. Og jo fleire så nyttar eit produkt, dess lettare vert det for andre å ta det i bruk (evt. vanskeligare å la vere). Har du ein viss dominans eller del i ein marknad er det lettare å selje produkta dine. Java har allereie ein stor del av marknaden for programmeringsspråk, og den kjem nok ikkje til å vere mindre når koden har vorte open. Og Sun har framleis tenkt til å tene pengar på det, mellom anna ved å selje spesialutgåver, kurs, støttetenester og bruk av java-logoen *. Dette er sjølvsagt lettare når du er dominerande i marknaden. IBM gjorde Eclipse opent og det har fått ein viss posisjon innan systemutvikling og modellering. Men IBM sel framleis spesielle utvidingar til Eclipse. Blant desse er modellerings- og utviklingsverktya Rational Software Modeler og Rational Software Architect. Det at desse verktya verkar saman med andre utvidingar av Eclipse og at Eclipse er i ferd med å verte stort innanfor modellering og systemutvikling, gjer det ikkje vanskelegare for IBM å selje dei. Og i tilfelle du lurte på det, IBM sel deg gjerne Linux med tilhørande støttetenester.

Sjølv om det eg har gjevi ikkje er ein veldig djup og grundig analyse, og kanskje eit litt snevert utval av eksempel, trur eg eg har vist ganske tydeleg at open programvare ikkje er kommunisme, men ein forretningsmodell (kapitalistisk strategi). Eg trur ein grundigare analyse vil vise det same. Som et siste eksempel skal eg sitere "Fremtiden er fantastisk" *:

"Noen klarer å lure systemet. Nettleseren Mozilla Firefox er fri [dvs. open] programvare, tilgjengelig for nedlasting gratis, men de som lager nettleseren er lønnet. I 2005 dro de inn 53 millioner dollar - noe av det fra donasjoner, men primært gjennom en avtale de har med søkemotoren Google. For hvert søk som gjøres med Firefox' innebygde søkefelt, mottar nettleserprodusenten et par øre. Det er disse pengene som finansierer produksjonen av den frie nettleseren deres."

Den einaste feilen i dette sitatet er at ingen har lurt systemet. Dei har nytta det. Dei einaste som vert lurt av dette er dei som trur at Google og Firefox er ein gjeng kommunistar. Det er kanskje verdt å tenkje litt på at nesten alle suksesshistoriene som vert presentert om open programvare er kommersielle (altså kapitalistiske) suksesshistorier.

Avsluttande kommentar: Kven bryr seg om koden er open?

Sjølv etter åtte år med it-utdanning kvir eg meg for å gå inn i kode laga av andre for å lese han og endå meir for å gjere endringar. Grunnen til det er at det er vanskeleg, sjølv om koden er godt laga. Det er illusorisk å tru at "folk flest" nokon gong skal kunne ha glede av open programvare på denne måten. Det å endre kode som andre har laga krev høg kompetanse, fleire år med erfaring eller utdanning og ei spesiell interesse, og er noko "vanlege" folk aldri vil ta del i. For vanlege brukarar av datamaskiner, det vil seie "folk flest", spelar det absolutt inga rolle om koden er tilgjengeleg eller ikkje. Det som spelar ei rolle for dei er kva dei må betale for dataprogrammet og kor bra det funkar. For ein vanleg brukar er det ikkje noko skilje mellom fri og open programvare. Kvifor skal du nytte GSView, som er ope, til å lese PDF-dokument om du tykkjer Adobe Reader er betre? Nokon drikk kanskje Solo i staden for Coca Cola for å ikkje støtte den råaste storkapitalen, og nokon har kanskje Linux og GSView på datamaskina si i staden for Windows og Adobe Reader av same grunn, men nokon (sosialistisk) revolusjon av det vert det ikkje.

Dei som bryr seg om koden er open eller ikkje er dei som lagar dataprogram. Og anten du likar det eller ikkje – dei som driv utviklinga av programvare gjer det for å tene pengar på det.

Neste: There is no such thing as a free lunch

Tidlegare tekstar

Ein quine til
To quines
Brev frå Schickard til Kepler
Rapport: Hjelper valkamp?
Prosjektskildring: Hjelper valkamp?
Operativsystemrevolusjonen
Perspektiv på fri/open programvare
Om ... misforståingar knytt til datateknologi II
Om misoppfatninga at fri/open programvare er kommu...
Til glede for nye brukarar

Arkiv

november 2005   desember 2005   februar 2006   april 2006   november 2006   desember 2006   januar 2007   februar 2007   mars 2007   august 2007   desember 2007   januar 2008   juli 2008  

This page is powered by Blogger. Isn't yours?