Senter for Marxistiske og Matematiske Studium, Enschede (SMMSE)

05 januar 2007

 

Jevons sitt logikkpiano IV – simulatoren

Vi har tidlegare presentert Jevnons sitt logikkpiano og ein simulator av denne logikkmaskina. I vårt samarbeid med Mass Production - No Warranty Software vil vi no presentere og offentleggjere kjeldekoden til simulatoren.

Simulatoren er programmert som ein Java Applet og er laga for å mest mogleg etterlikne logikkpianoet. For å skjøne programmet kan difor det greiaste vere å lese utgreiinga vår eller Jevons sin orginale artikkel om korleis logikkpianoet fungerer. Vi skal likevel gje ei kort utgreiing her.

Pianoet sjølv og kvar av hovuddelane tangent, stav og hevarm er representert av eigne javaklassar. Hovudklassen Piano representerer sjølve maskina og inneheld i all hovudsak oppsett av pianoet. Hòla inn til stavane er representert av ein todimensjonal Label array abecedarium. Tangentane vert representert med Button. I pianoet er kvar tangent forbundi med ein hevarm som løftar seg når ein trykkar på tangenten. Hevarmane er representert med klassen Lever, og ved at denne klassen implementerer ActionListener kan ein hevarm enkelt registrere at ein tangent har vorte trykka ned. Når ein hevarm løftar seg kan han få stavane til å flytte på seg og endre posisjon ved å slå bort i pinnar i stavane. Stavar er representert med klassen Rod, og pinnane er i denne klassen representert av ein boolean array pin. Enkelt og greitt har klassen Rod ein metode move som hevarmane kallar når dei løftar seg, og i denne metoden vert den nye posisjonen til staven rekna ut. Etter å ha fått ein ny posisjon kallar staven på metoden display i klassen Piano for å fortelje kva som no skal visast i hòla på framsida av pianoet.

I tillegg til desse java-filane finst det ei HTML-fil index.html som gjer at programmet kan køyrast i ein nettlesar. Og meir er det vel eigentleg ikkje å seie om denne saka.

Kommentarar:
Sexy.

Men du må fiksa det sånn at eg kan leika meg på firefox på mac.
 
Legg inn en kommentar



<< Framside

Tidlegare tekstar

Samarbeid, fridom, openheit
Stegteljar
Straum og logikk – kven var fyrst?
Shannon og logikken II
Senteret har flytta
Shannon og logikken I – ei historie om eittal og n...
Jevons sitt logikkpiano III
Meir om slutningar III – eit dataprogram for å und...
Meir om slutningar II – ei enkel utsegnskalkyle
Snø

Arkiv

november 2005   desember 2005   februar 2006   april 2006   november 2006   desember 2006   januar 2007   februar 2007   mars 2007   august 2007   desember 2007   januar 2008   juli 2008  

This page is powered by Blogger. Isn't yours?